Storehaugen i vinterskrud
Storehaugen Opp blir arrangert for 12.gong Kristi Himmelfartsdag 21.mai
No er det att 3 månadar å trene på, og løypa er opptråkka med snø frå ca halvveges. Det er ein fordel med piggsko, ta med brodd og evt truger ved snøfall !
Nytt av året er klasseinndeling 70-74 år, 75-79 år og 80 +. Tidlegare var eldste klassa 70+.
I eldste klassa blir det gjeve løyve til å gå med stavar so sant deltakarane ikkje sprenger seg fremst i startfeltet.
Det er registrering av mellomtid ved drikkestasjonen på Skirset som er halvveges.
Nylontaua er bytta ut med hamptau og me køyrer eit miljøvennleg arrangement.:-)
Lykke til med treninga og vel møtt til løpet!