Storehaugen Opp tilbakeblikk
Tor Anders Offerdal hadde ideen om å arrangere motbakkeløp i Lærdal då Lærdal er omkransa av motbakkar. Fleire i friidrettsgruppa vart tent på ideen og planlegginga byrja. Etter litt modning fallt valet på Storehaugen som har ein turr og fin trase og som ligg sentralt i bygda. Storehanugen er eit gamalt vetepunkt som varsla ufred på 1100 talet. Storehaugen er og eit turmål der turlaget har postkasse og bok. Det er og merka sti vidare til stølen Hognaåsen og nedatt i Habben.
2009: Me arrangerte det fyrste motbakkeløpet i Lærdal med 84 aktive og 231 mosjonistar. Arild Een vann på 35.41 og Merethe Helgheim var best blant damene på 41.18. Løpet vart arrangert Kristi Himmelfartsdag 21 mai. Me vart overraska over antalet, tidene, deltakarane og engasjementet blant deltakarane og medhjelparane.
2010: Ein auke til 105 aktive og 250 mosjonistar. Asbjørn Berland frå Samnanger tok ny løpsrekord på 33.51! Merethe Helgheim vann blant damene i år og på 42.03. Løpet vart arrangert Kristi Himmelfartsdag 13 mai og løpet blir av løparane rekna som sesongdebuten på motbakkeløpa.
2011: Rekorddeltaking med 310 mosjonistar og 124 i konkurranseklassen. Totalt 434 personar var på Storehaugen denne dagen. Ny løpsrekord av Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve på knalltida 32.58! Veldig sterk tid av Anna Tråve, Lærdal il på 41.55, ( løpsrekord damer Merethe Helgheim, 41.18 frå 2009) Eit svært vellykka arrangement.
2012: Storehaugen Opp var fyrste løpet i Necon Motbakkecup og samla Norges beste motbakkeløparar 13 mai. May Britt Buer, Gular sette ny løyperekord blant damene på 37.58 minutt og Thorbjørn Thorsen Ludvigsen, BFG-Fana sette løyperekord i herreklassen på 32.15 i ei hard konkurranse. 112 personar deltok i konkurranseklassa, medan 300 mosjonistar var på Storehaugen. Det var fjerde året løpet vart arrangert.
2013: Friidrettsgruppa hadde 5 årsjubileum for Storehaugen Opp 2. pinsedag, 20 mai. Storehaugen Opp var også dette året fyrste løpet i Necon motbakkecup!
Torstein Tengsareid , Egersund IK Friidrett vant på tida 32:56 dette er 41 sekund bak Torbjørn Thorsen Ludvigsens rekord sett i 2012. Kirsten Marathon Melkevik, IL Gular sette løperekord i dameklassa med tida 37:24
139 deltok i konkurranseklassa ( rekord) og 250 gjekk på Storehaugen denne dagen
2014: Storehaugen Opp vart arrangert for 6. gong Kristi Himmelfartsdag 29. Mai. Stian Hovind - Angermund, Varegg sette løyperekord med nær eit minutt. Stian varma opp med ein tur på Storehaugen litt før kl 12:00, for so å springe nedatt for å rekke starten kl. 13:00.
Den nye rekorden er på 31:18 minutt. Dameklassen vart vunnen av Merete Helgheim, Gloppen. Ho vann for 3. gong. Over 300 mosjonistar deltok og 118 sprang på tid i optimale værforhold.
2015: Storehaugen Opp vart arrangert for sjuande gong Kristi Himmelfartsdag14.mai. Store snømengderi fjellet skapte problem , men det vart måka vekk 1,5 m snø siste delen, slik at løpet kunne arrangerast, med snøfri trase. Stian Hovind-Angermund, Vareggvann på tida 31:21 berre tre sekund bak sin eigen rekord frå 2014. Kvinneklassa vart vunnen av Therese Sjursen, Bergen Løpeklubb på 39:59. 114 stilte til start i konkurranseklassa, medan 275 mosjonistar gjekk Storehaugen Opp i knallsol og perfekt vær.
2016: Storehaugen Opp vart arrangert pinseaftan, 14.mai 2016. 120 deltok i konkurranseklassa og over 230 mosjonistar gjekk på Storehaugen.
Det vart løyperekord i herreklassa, Stian Angermund-Vik slo sin eigen rekord med 1 minutt. Den nye rekorden er på 30:18 minutt.
I dameklassa vann Therese Sjursen på 41:49. Det var opphaldsvær og optimale forhold å springe i.
2017: Storehaugen Opp vart arrangert Kristi Himmelfartsdag 25.mai. 100 deltok på tid og 200 var med i mosjonsklassa. Geir Steig, Luster IL vann på tida 35:59 minutt. Dameklassa vart vunnen av Anita Iversen Lilleskare, Bfg Bergen Løpeklubb på tida 38:52. Det var opphaldsvær og bart og gode løpeforhold.
2018: Det var strålande sol og sommartemperaturar i Lærdal då løpet gjekk av stabelen Kristi himmelfartsdag 10. mai; ei perfekt råme rundt den tiande utgåva av Storehaugen Opp. 80 deltok på tid og 230 i mosjonistklassa – totalt var altså 310 registrerte løparar med på motbakkefesten i Lærdal. Kjappast opp vart Erland Eldrup frå Varegg IL på 35 minuttar og 40 sekundar. I kvinneklassa var det Elisabeth Hildenes som gjorde det skarpast; jenta frå Eid tok seg opp den bratte løypa på 41 minuttar og 56 sekundar. Arrangementet gjekk knirkefritt; veldig god stemning heile vegen oppover og folk verka svært nøgde med jubileumsløpet.
2019: Det var fine forhold då Storehaugen Opp vart arrangert Kristis himmelfartsdag 30. mai, sjølv om vêret var noko ruske. Både deltakarar og arrangørar var i alle høve svært nøgde med Storehaugen Opp anno 2019 der Øyvind Sundby Heiberg frå IK Tjalve vann herreklassa på tida 34:26 medan dameklassa vart vunne av 15 år gamle Anna Hanstveit frå Mjøsdalen IL på 41:07 – imponerande!
2020 og 2021 vart det ikkje arrangert ordinert motbakkeløp pga corona. Me hadde derimot alternativt-Storehaugen Opp der deltakarar kunne registrere seg og gå ein dag det passa mellom mai-oktober. Manga benytta seg av dette då det var eit godt alternativ istaden for å avlyse. Deltakarane fekk T-skjorte etter endt tur.
2022: Motbakkeløpet vart arrangert for 12.gong Kristi himmelfartsdag 26.mai. Storehaugen Opp var eitt av tre uttaksløp til EM i motbakke i Spania i juli.Stian Angermund, Varegg IL vann suverent for 4.gong på 31:11 minutt. Dameklassa vart vunnen av Anita Iversen Lilleskare , Bfg Bergen Løpeklubb på 38:55 minutt. 63 stilte på startstreken i konkurranseklassa og vel 160 gjekk i mosjonsklassa.
2023: Storehaugen Opp arrangerte motbakkeløpet på sin vanlege dag, Kristi himmelfartsdag som i år fall på 18.mai. 50 sprang på tid og totalt 230 personar var med på arrangementet. Totalvinnar var Geir Steig, Luster IL på tida 33:18 min. Charlotte Watson, Varegg Fleridrett vann dameklassa på 45:49 min. Det var perfekt vær og turr trase.
2024: Det var veldig god deltaking på årets løp 9.mai. Heile 71 stilte til start i konkurranseklassa som vart vunnen av Trym Dalset Lødøen, Haugen IL på 33:10 minutt og Anita Iversen Lilleskare, BFG Bergen Løpeklubb på 40:01 minutt. Totalt var 260 personar med på årets løp. På grunn av litt dårleg værmelding frykta me liten deltaking, men det vart opphald og perfekt temperatur å springe i. Tilbakemeldingane var veldig bra.