SJUSSA PAO: Mange «sjussa pao» opp mot Storehaugen i fjor; no må ein «sjussa pao» og melda seg på til årets løp; då får ein deltakar-T-skjorta som i år har nytt motiv (innfelt).
I år har T-skjortene alle deltakarar på Storehaugen Opp får heilt nytt motiv! Og påmeldingsfristen nærmar seg, så no er det berre å melda seg på til «Vårens vakraste eventyr»!
Per Sigve Selseng hadde nok ikkje hatt noko imot at det var kiosk på toppen under fjorårets løp. Men i år er det altså det.
KIOSK /KAFE:
9.klasse ved dugnadsgruppa vil ha "minikiosk" oppe på Storehaugen! Ta med pengar eller bruk vipps. Det vert og servering av pølser, baguettar, kaffi og kaker i Storstova på Lærdalsøyri skule/sekretariatet.
PÅMELDINGSFRIST:
Ordiner påmeldingsfrist er onsdag 29/5 kl 21:00. Høve til etterpåmelding fram til kl 12:00 løpsdagen 30/5, men då mot eitt tillegg på kr 100,-. Me oppfordrar flest mogeleg til å melde seg på innan ordinær frist.
ÅRETS T-SKJORTER:
Alle som går, får årets t-skjorte i deltakarpremie. T-skjorta er teknisk og av god kvalitet og årets fargar er rosa eller blå. Det er nytt motiv i år!
Sjå den flotte videoen om Storehaugen Opp – artikkelen held fram under videoen
Me vil også nytta høvet til å nemna at prisløna Kongevegen over Filefjell er ypparleg for å mosjonera i vakker natur og oppleva historie på alle kantar – Kongevegen har ei eiga nettside der ein både kan gjera seg kjent med vegen, historia og sjå kva som finst av mellom anna overnattings- og serveringstilbod langs vegen, samt attraksjonar. Kongevegbedrifter Filefjell SA tilbyr også ulike pakketurar no.
VAKKERT: Galdane Rundt går på Kongevegen over Filefjell – her utsyn mot husmannsplassen Galdana med ein bit av kongevegen i underkant, mot elva.
Me minner også om at Friidrettsgruppa i Lærdal idrettslag, som arrangerer Storehaugen Opp, også arrangerer terrengløp på nettopp Kongevegen og den historiske vegen over Seltåsen og Steineåsen. Dette heiter «Galdane Rundt» – Noregs finaste terrengløp, og det går av stabelen laurdag 21. september.